Om oss

Bokn & Tysvær begravelsesbyrå blei stifta på tampen av 1987. Det heile starta med at det ikkje var noko form for bårebil på Bokn. John Magne Lie skipa då firmaet som ei teneste for bygda, ved å få heim den første bårebilen han bygde sjølv, ein grøn Peugeot 505. Denne lesten fortsette han med etter kvart som det blei meir og meir vanleg å få hjelp til «det meste» rundt eit dødsfall. Firmaet påtok seg etter kvart alt frå transport av båra, til minnemøte med servering av mat etterpå, ofte med eigenprodusert varmmat.

Utover på 90-talet kom veg med bruer mellom Bokn og Tysvær og firmaet vaks med mange seremoniar i Tysvær. Den noko aldrande Peugeoten blei skifta ut med ein plommeraud Ford Windstar i 1997, også denne med sjølvbygd innredning. Etter dette blei bilane skifta ut ca kvart 3 år med ulike modellar og merke. Dei siste åra har ein hatt 1 Mercedes GLS og ein Mercedes V klasse, samt ein eldre Volvo seremonibil.

Ettersom dei pårørande overlot meir og meir av det praktiske til byrået, blei nye system utvikla og det blei gradvis investert i ulikt seremoniutstyr, servise til minnemøte, stor kaffikokar og liknande nyttig utstyr.

I 2014 overtok Kjell Frode Lie firmaet som andre generasjon, etter å ha vore med i firmaet sidan han var 18 år. Han dreiv frå før firmaet KFL bil og utleige, og slo dei 2 firmaa saman.

I 2018 utvida ein med avdeling i Suldal, der Leiv Trevland blei tilsett. Han har mange års erfaring frå gravferdsbransjen via tenesta kommunen der dreiv fram til nyttår i 2017. I Suldal velde me å bruka lokale leverandørar på kister, songhefter o.l. Dette er viktig på små stader slik at ein støttar opp lokalt og legg omsetning igjen der.

Begravelsesbyrået påteksen no oppdrag over heile Haugalandet og Indre Ryfylke.

Dette med å vera til for bygda og folk der dei er har vore ein filosofi heile tida. Me reise på heimebesøk ved dødsfall i forhold til organisering av det praktiske i staden for at dei etterlatte må koma til kontoret vårt. Dette håpe me skaper tryggleik for dei etterlatte i ein sårbar situasjon. Me har og alltid praktisert å vera der for dei som treng oss heile døgnet utan at det skal gå på bekostning av sluttsummen.

Det er og viktig for oss at dei etterlatte får velja sjølv kva dei får hjelp til. Det er fullt mogeleg å gjera mykje sjølv, og me hjelpe gjerne kun med deler av prosessen etter ønske. Samtidig  har me full forståing for dei som vil ha alt det praktiske fiksa av oss.