Å mista nokon

Det å mista ein av sine kjære er tungt uansett kva dødsfallet skuldast. Me reagere alle ulikt og ingen reaksjon er «rett» eller «gal». Reaksjonen er ofte ulik etter relasjon til den som er død. Men sjølv om ein har «same» relasjon reint slektleg /venskapleg, kan reaksjonen vera veldig ulik. Dette kjem av at me menneske knytte ulike bånd på ulike måtar. Difor er det viktig å ta vare på kvarandre med eit ope sinn i ei slik tid. Ein treng ikkje vera psykolog eller ekspert på sorgprosessar for å kunna gjera ein god jobb her. Essensen er vel det å vera der for kvarandre! Om det er berre for å lytta på kva den andre har å sei, sjå til at det kjem mat på bordet og andre daglege rutinar som lett stoppar eller rett og slett blir gløymt pga situasjonen. Legg vekk det ein kanskje ikkje har einast om i dagleglivet og still opp, det betyr så utruleg mykje i ettertid.

Skulle ei ha behov for hjelp, er det sjølvsagt og heilt normalt. Kvar enkelt kommune har opparbeidde system for dette gjennom helsetenesta. Finn du ikkje noko på internett for din kommune hjelpe me deg sjølvsagt å oppretta kontakt.