Seremonitype

Korleis ein ønske seremonien er ofte knytt til tradisjon. Ein står fritt til å velja form og type, men enkelte ramer må ein sjølvsagt forholda seg til.

Den mest brukte i Noreg er utan tvil kyrkjeleg seremoni, enten som gravferd eller bisetting (kremasjon) i Den norske kirken.  Der føl ein i utgangspunktet ein fast mal frå kyrkja med 3 songar i kyrkja og eventuelt 1 song om ein har kistesenking på gravplassen. Songane ein kan velja blant er i salmeboka og sangboka, utanom det må ein høyra med organisten/forrettande prest.

 

Andre trussamfunn har og kyrkje og føl deira interne oppsett, men det liknar mykje på Den norske kirken sitt oppsett. Her finn ein som regel yttarlege informasjon på nettsida til trussamfunnet.

 

Ved muslimsk gravferd er det tradisjon at familien utføre rituell vask av den døde etter trussamfunnet sin forordning. Menn vaske menn og kvinner vaske kvinner.  Kremasjon er ikkje aktuelt, og den avdøde si grav skal venda mot Mekka.

 

Ved Humanistisk gravferd føl ein oppsettet til deira forbund. Her er det ein gravferdstalar frå humanistisk forbund som held minneord og står for sjølve gravferdshandlinga. Ein får og hjelp til å velja songar, dikt og anna passande innhald. Essensen er at menneske står i sentrum.

 

Livssynsnøytral begravelse blir stelt i stand på ein nøytral plass, kvar kommune har eit eigna lokale til dette. Her står ein fritt til koss ein vil ha det innanfor sømelege og verdige former sjølvsagt. Viktig å etterkoma den avdøydde sitt ønske og ein kan sjølv plukka ut talar for minneord o.l. Her hjelpe begravelsesbyrået til med utforminga og innholdet om ein ønske det.