Økonomi

I tillegg til sjølve sorga kjem kanskje spørsmålet om kva alt vil kosta. Det er klart ein vil gje det beste til sine kjære, men alt kostar pengar. Då er det viktig å tenkja over vala og få prisoverslag undervegs. Det viktigaste for oss er å vera medmenneske og vera der for Dykk. Alt treng nødvendigvis ikkje kosta pengar. Me har som mål å få det akkurat like verdig om ein vel billigaste eller dyraste kista, enkle roser til dekorasjon eller påkosta kistedekorasjon. Me har og forståing for at ting gjerne tek tid med arv og skifte, og saman finn me ei fornuftig løysing på det økonomiske. Under fana kostnadar finn ein prisliste og litt om støtte frå NAV.