Moglegheitar og val

Når ein misse ein av sine kjære, er det mykje som må på plass. Dette i tillegg til at ein er i sorg og må takle den på sin måte. I dag er det slik at den  som har retten til å sørgja for gravferda kan avgjera korleis ein vil ha seremonien. Då finst det ulike måtar å gjera det på. Ein kan ha kyrkjeleg seremoni, anna trusknytta seremoni, humanistisk seremoni, muslimsk seremoni, livssynsnøytral seremoni for å nemna nokre. Ein må og ta stilling til begravelse eller bisetting (kremering).

Ein må i tillegg laga «rama» ein ønske rundt seremonien. Vil ein ha syning i forkant, vil ein ha seremonien i «stillheit» eller open for alle, kva type kiste ønske ein, koss skal songheftet sjå ut, skal ein ha solosong er nokre av vala ein må avgjera på relativt kort tid.

Som ein forstår er det mykje ein skal ta stiling til i tillegg til papira som skal fyllast ut og leverast til dei ulike offentlege instansane. Alt dette hjelpe me Dykk som pårørande  med gjennom samtalen me har saman. Samtidig er det verd å nemna ein kan gjera det meste sjølv om ein ønske, nokre synst det og er godt i ei tung tid. Andre vil gjera minst mogeleg sjølv og har nok med tapet og savnet. Her går det og å finna ei løysing midt mellom, alt etter dykkar ønske.

Uansett kan ein ved å navigera rundt på nettsida vår få nyttige tips og idear, og kanskje førebu seg litt på kva som ein må ta stilling til og kva ein ønske når ein kjem til samtalen for planlegginga av gravferda. Me nyttar nynorsk her på sida vår, men brukar sjølvsagt bokmål om De heller ønske det i dei ulike produkta me trykkje osv.