Minnemøte

Mange ønske å samlast etter seremonien for å kunna snakka i lag samt servera mat. Ofte kjem folk langvegs frå for å delta i gravferda, så då passar det godt å kunna by på litt mat. Her er det litt ulike tradisjonar, men mest vanleg er snittar eller smørbrød som dei fleste kallar det. Enkelte stader bruker ein varmrettar og, slik som kjøtsuppe, lapskaus eller betasuppe. Uansett kva De ønske kan me stå for å stella i stand og ordra mat. Vil De bruka ein lokal stad De likar godt hjelpe me gjerne med å bestilla. Det viktigaste er sjølvsagt at det blir slik De ønskjer.